top of page
Linda Eide B0016696 foto Per Finne-kopi_

Linda Eide

Kontakt: torill@hihat.no - + 47 56 90 19 19 

Infotainment, moderne folkeopplysning, journalistikk med eit skråblikk – kall det kva du vil, men det som er sikkert er at
Linda Eide alltid har noko på hjartet, samstundes som ho
elskar at folk humrar og ler. 

 

Dette er en kombinasjon som har gitt ho eit stort publikum
og mange priser. Alt fra Gullruten for beste programleiar, til Kulturdepartementets journalistpris, Riksmålsforbundets språkgledepris, den akademiske fagprisen Christieprisen,
og tittelen Årets Hordalending, for å nemna nokre utmerkingar.

 

Linda er mest kjent som journalist og programleiar frå NRK radio
og tv. Men ho skriv også bøker og eige stoff for scenen,
og har ulike prosjekt med andre musikarar og artistar.

 

Ho har vore programleiar for NRK sin julekonsert med KORK,
og for nordisk råds prisgalla, samt ei rekke andre lange direktesendingar, som landslovjubileet 2024,
Jon Fosse Ord For Ord i 2023, og Sommerskuta 2021.


Ho har også vore konferansier på fleire store konsertar.

 

Linda opptrer gjerne med foredrag om formidling, storytelling
og klart språk. Og med eigne show om musikk eller litteratur.
Eksempel på slike er:
 

Fosse for dumskallar - Alt du treng å vita om Jon Fosse
– og det på berre ein time!

​(Eller ein serdeles konsentrert 20-minuttars versjon)

 

Muffens i posen - Ein nokså latterleg norsktime.
Eit soloshow i folkeopplysningas namn.
 

Klinkande uklart - foredrag. Eit foredrag om klart språk i det offentlege, og i det private for den sin del.
 

Meirfiksjon - Eit foredrag om forteljing og formidling. Storytelling.


Gi jazz - Ein verbalmusikalsk jazzhistorisk gjennomgang.
Tinga av Vossa Jazz i 2023

 

Linda Eide språksjov  – saman med Halvor Folgerø og Sjur Hjeltnes & gjester.

 

For meir omtale av disse og andre Linda Eide-prosjekt,
sjå heimesida



Foto:: Per Finne  & Tore Zakariassen (startsiden)

​

HiHat
Management

Bergenhus 13,

5003 Bergen, NORWAY

+ 47 56 90 19 19 


© 2023 by HiHat Mangement.
Powered and secured by Wix

Vi er et av landets ledende artist-management, og representerer noe av det ypperste innen norsk kultur og underholdning. Hva kan vi gjøre for deg?

bottom of page