top of page
Marvin trappa caps farge.jpg

Halvor Folgerø

Foto Marvin Halleraker

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
Kontakt: bjorn@hihat.no - + 47 56 90 19 19 

Halvor Folgerø (f. 1967),
forfattar, foredragshaldar, journalist og musiker.
 

Infotainment er nok merkelappen som passar best på det Halvor driv med. Mange vil kjenne han frå NRK, der han jobba i mange år, som journalist og programleiar på radio og TV. Dei siste åra har han hatt stor suksess som forfattar og foredragshaldar.

Gjennom tre kritikarroste bøker har han samla både komiske, sterke og dramatiske historier om den nære kulturhistoria på Vestlandet. Om å køyre langs langs smale, farlege vestlandsvegar, og om korleis dei mange ferjene har prega livet til vestlendingen.
For bøkene fekk han Samlagsprisen for 2024.
 

Halvor er også ein del av Linda Eide sitt Språksjov,
som sidekick og musiker.


Han har i tillegg lang røynsle som ordstyrar, intervjuar og konferansier.

Som musiker har Halvor samarbeidd med ei lang rekkje artistar, mest som bassist, men også som fagottist i populærorkesteret Finn-Erix.


Bøker:
Tyl, roman (2005), saman med Finn Tokvam.
 

Ler dei no, så har eg vunne. Møte med Ragnar Hovland (2012), saman med Finn Tokvam
 

Vestlandsvegar (2021)


Fleire Vestlandsvegar (2022)


Ferjefolket (2024)           
 

HiHat
Management

Bergenhus 13,

5003 Bergen, NORWAY

+ 47 56 90 19 19 


© 2023 by HiHat Mangement.
Powered and secured by Wix

Vi er et av landets ledende artist-management, og representerer noe av det ypperste innen norsk kultur og underholdning. Hva kan vi gjøre for deg?

bottom of page