HiHatManagement

Herborg og Hope

ATTEST
Til den som vurderer å bruka Christine Hope som underhaldar på sitt arrangement:

Fyrste gongen eg opplevde C.Hope,var på eit julabord for Statoil.
Eg skulle også opptre,og stod ute i kullissane då ho entra scenen.Ho såg ut som ho skulle ha premiere; nervøs,konsentrert og spent.Eg vart nysgjerrig og lurte meg ned i salen for å sjå kva ho hadde å by på. Det var voldsomt: gleda og intensiteten ho framførte tekstane sine med var imponerande! Alt var spesialskrive til dette arrangementet,og når publikum lo seg skakke av det ho hadde tenkt ut vart ho like glad som publikumet sitt....Eg hugsa følelsen. Det var lenge sidan eg hadde opplevd det same.Altfor mange gonger hadde eg presentert "sikkert" og utprøvd stoff på slike arrangement.No stod eg der og vart så inspirert til å klovna at eg heldt på å sprikka...! Eg er sikker på at ho vil virka like inspirerande på gjestene dine,og eg håpar du vil unna deg den festen det er å oppleva ho på scenen i eit lukka arrangement!

Helsing påhenget Herborg

ATTEST

Til dei som har glømt at Herborg Kråkevik e svært morsom.

Eg vil me dette få rope ut: HERBORG KRÅKEVIK E FANTASTISK MORSOM!
Eg har i fleire år gjort såkalla lukka eventjobber. Det syns eg er kjempegøy. Spesielt viss eg får vite mest mulig om dei eg skal gjere jobben for. Forskjellen på å gjer ferdig nr, til å gjere noko spesialskrive er enorm, og blandingen av dei to tinga er genial. Nokre gamle gode nr, og noko heilt rykande ferskt. Det er rart kor glade publikum blir og, når eg veit detaljer om Randi i Kantinen eller privatlivet til Økonomisjefen. Meg og Herborg sitt samarbeid er så rykande ferskt at me endo ler oss i hel av kvarandre.... Dette trur eg publikum vil merke, spilleglede er ein utrulig viktig og synlig faktor. Dersom du ønsker at me to skal komme og tulle for dine ansatte så blir me veldig glad. Alle blir veldig glad, unntatt ei. Det er H. Kråkevik. Herdis Kråkevik. Ho som alltid sto FORRAN Herborg i koret når dei var småjenter i Jondal. Herdis meiner at du heller bør booke ho aleine- då ho syns at H...æææærborg desverre har tapt seg.

Helsing ei spillekåt Hope.


HiHat